Viser innlegg med etiketten Jambe. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Jambe. Vis alle innlegg

Dikt om våren

Eg berre må. Å tenkje på
er ikkje vårens skjot.
Når snøen fer og betre ver
gjev tilskunding til rot,

når bekker små vil danne å
men kanskje heller gje
nytt liv til meg – det viser seg
at dei vil også det,

når sola sterk vil ha eit verk
i gang og stråler opp
og veksten ber så eg høgt ler;
då har eg det heilt topp!

Ditt namn er Solmøy

Ditt namn er Solmøy: Sola finn
seg sjølv i dine raude kinn.
Og her er meg ei sanning sagd:
Ein smeltar for di augnebragd.

Den smeltar som til is er vorte,
den smeltar som trur sola borte.
Men best av alt: Du smeltar meg.
Eg er for deg ein gullklump, eg.

Du slekt

Du slekt, med hjarte ømt som bankar
for kroppen som er hjartets bøn:
Har du forstått at hjartet sankar
styrke som frå kroppen løn?

Du slekt, med hjarte ømt som bankar
for blodet som det fekk i går:
Har du sjølv vett og har du tankar
om at du morgondagen sår?

Eg er

Eg er ein liten sprellemann
og spreller jamt og trutt.
Og om eg ikkje sprelle kan
er framføringa slutt.

Då er eg nok til side lagt
så Gud kan puste ut.
Eg er ein sprellemann, som sagt.
Eg er ein halden gut.

Eg er ein fugl

Eg flyr av sted på vingar små.
Eg har dei to å lite på.
Kvar gong dei verkar er eg glad.
Då tek eg meg eit lite bad
om ikkje eg finn meg ei grein
og former velnøgd tonen rein.
Men så må eg til vingen ta
for kjærleiken til Gud å ha.

Eg gjev han rett

I verda alle talte er.
Eg høyrer ikkje heime her!
I verda mi er, kort forklart,
ei rolle noko veldig rart.

Ei rolle, berre, det er smått
å vere, det er ikkje rått.
Eg kjempa mot, med nebb og klør,
å spille ei. Men det var før.

Eg gjev det opp, mitt vante hald,
og gjev meg doktoren i vald.
Det er i verda ingen fred
å få frå rolla, frå den sed.

Eg gjev ho, stillinga, heilt opp!
Eg gjer så mens eg er på topp,
sjølvstendig, i den rolle sett.
Sjølvstendig gjev eg doktor rett.

Eg må gå attende

Eg vandra langs eit bekkefar
og trudde eg på vegen var.
Men plutselig tok bekken slutt.
Eg skulle visst at den var stutt!

Eg skulle gått langs elva lur!
Ved elva er det kjelda trur.
Nå må eg gå tilbake. Òg,
den klatringa gjer ikkje fjåg!

Eg veit

Ein ting er sikkert: Det er leit
å ikkje vere sau men geit
når Hyrda feller dom den dag
Han som forbanna slår eit slag.

Den dagen vil ein vere med!
Den dagen komen skal gje fred!
Det spørs ikkje om det er leit
å ikkje vere sau men geit.

Ei viss gjenkjenning

Ein plante stor som Gud let få
eg skylder vett og takk.
Den strakk seg etter lyset så
at stammen knakk og brakk.

Verandaen var hans miljø.
Der sat han veldig fast.
Og faktisk måtte planten dø.
For sevjestrengen brast.

Han klarer ikkje brasane

Med rærne stelt så vinden rå
fell hardt på segla attanfrå –
slik lyt du ei eksperten sjå!
Han brasar ikkje. Han vil rå.

Håvamål

Har du ein venn så gå dit jamt
på vinters som på sumars tid.
Om ikkje vil det skapte samt
la stien snø ned, kratt gje strid.

I godstolen

Eg sit i ein god lenestol
og les avisa opp og ned.
Til uka, les eg, vert det sol.
Eg gleder meg som berre det.

Då vert det eit stort morgongry
alt ettersom eg stråler opp
fått næring av den tunge sky!
Og stolen sukkar utan stopp.

Lat meg

Eg kjenner meg så makteslaus
når ikkje eg får vere raus.
Eg føler meg så liten, då,
når alt eg maktar er å få.

Ei frelse – det er å få gje!
Alt anna vert eg ille ved.
Så lat meg, Gud, din frelse få
i mengdevis her i det små!

Lukke

Ein kjenner at det står til liv
når framtida i hugen riv
som fossen riv i opprørt elv –
når kroppen ristar, sitrar, skjelv
då eit arbeidande og artig fall
gjev tilskunding som Herrens kall.

Meg

På vintreet som Kristus er
litt spesiell er eg.
Eg veit at Herren har meg kjær.
Det synar frukta meg.

Men eg er spesiell som grein.
Slik skapte Herren meg.
Ved meg er drua utan stein.
Ein schizofren er eg.

Mi bønn

De dagens dikt gjer ein fortvilt.
Det gjev eit dystert sinn
å sjå så mykje gåve spilt
på avmakt og på svinn.

Eg drøymer om eit herlig døgn,
ein dag med skrik og skrål
frå ungar fri frå keisam løgn,
langt vekk frå fengslets gnål.

Må fengselet av mur og jern
ein dag bli bytta ut
med lek langs bredda av eit tjern
i foten av ein nut.

Molda

I molda er det mørkt og kaldt
som om det var Guds frykt det gjaldt.
Og på eit vis er det nok rett.
Men molda frisk vil verte sett!

Den gøymer ikkje, mold, seg bort.
Den er ikkje, mold, svart, men sort.
Den vil til ljoset, verte målt,
i tro på Gud – å verte tålt.

Og derfor er den, molda, skjøn.
Ved ljos og vatn vert den grøn.
Den gøymer ikkje seg for Gud.
Den gøymer sjølv ein herlig skrud.

Mor og meg

Mi mor var klar og tydelig på det
at praktisk hadde ho skapt sonen. Meg.
Og sa ho det så byrja eg å le.
Og mor fortvilte. Og ho tok på veg
og sa at sonen skulle passe seg
så ikkje han vart ropt til mammas fang
på ny for oppseding å få. Og eg,
når eg slik merkte hennar temperament,
eg takka Herren for mitt privileg.

Nynorsk adventsdikt

Det fyrste lys vi tenne må
bør minne oss om det å så,
bør minne oss om tru og håp
av Herren gjeve som vår dåp.

Det andre lys vi tenne må
bør minne oss om det å stå
vent sjåsamt ved ein åker fin,
om Herrens Son og disiplin.

Det tredje lys vi tenne må
bør minne oss om det å nå
sin lagnad ved ei grøde god,
rett heldig som til kroppen blod.

Det fjerde lys vi tenne må
bør minne oss om fred å få.
Ved grøda hausta korn vert brød,
Guds hugnad og ved Gud vår glød.

På veg

I aust står sola sakte opp
og kastar ljos på stig og klopp.
Og tre og busker strekker seg.
Og blomster tør, og helsar meg.

Så eg riv teltet hastig ned
mens fuglesong gjev sjelefred
og elva som eg krysse skal
gjev vakre klukk i tusental.

Mi natt var god, mi ferd er drøymd,
og klatringa opp bakken gløymd.
Eg pakkar sekken, tar ein tår,
og takkar Gud for vår i år.