Viser innlegg med etiketten Daktyl. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Daktyl. Vis alle innlegg

Der skiljast

Sonen er ljos. Då er Dottera eld.
Ho er heilt tydelig på kva det gjeld.
Sonen er kjærleik. Og samvit er ho.
Kjærleik og samvit er skipnader to.

Møya er eld. Ho er samvit og visdom.
Tukta av henne skal du synes godt om.
Møya er samvit, ei Gud gjeven kjensle.
Ho vert umulig ved for mykje brensle.

Vatn vil temja ei kvar lita brann.
Tåpen vil drepe med bøtter og spann.
Herren vil tukte – Gud elskar si møy:
Elden skal verken få slå eller døy!

Fryd deg no - Solmøy

Fryd deg no, Solmøy, din sumar er nær.
Vêret er herlig og målet ditt bær.
Gygra fæl vil gå til grunne og døy!
Du er den røysta i mann og i møy!

Livsljoset salvar, det varmar og kler.
Ljoslivet stundar. Men englane ler.
Du skal få virke og kjenslerus gje.
Livet ved deg er ein Guds matiné!

Samvitet er di eksakte verdi.
Nordmenn vil gje deg ditt hegemoni.
Trufast er fallet, er kjensla som rir.
Trufast er kallet, er kjensla som frir.

Møya er samvit. Og du er i sjel.
Ljos fatta eld, du gjør nordmannen sel.
Fryd deg no Solmøy. Din sumar er nær.
Deg vil no Noreg forløyse. Ver kjær.

Godt nytt år

Ljoset gjekk ned og eit nytt ljos sto opp.
Ljoset vil syna at Sonen er pop.
Julaftan feira vi drivkrafta tent.
Sonen ved årsskiftet rett vert erkjent.

Forsettet er oss av Faderen gjeve.
Tanken er sjølvet frå fallet å heve.
Sonen er motivasjonen vi fekk.
Ånda er heilag. Og gova er kjekk.

Gud vere lova som viljen oss gav!
Sonen i hjarte og sinn fekk vi stav.
Julaftan født vert ved årsskiftet døypt.
Herre! Gjer at karakteren vert støypt!

Herren

Sonen sin kalla kong David for Herre.
Avkomet var ikkje tidtrøyte, berre.
Høyre hands arbeid har på seg eit slag:
Eingong, ved Sonen, kjem viljen for dag.

Sonen er frelse og Sonen er dom.
Barnet er Herre som ned til oss kom.
Han rett og skil for sitt opphav vil gjere:
Ved ham skal mennesket falt seg erklære.

Hyrda

Staven til hyrda har absolutt ingen
funksjon! Som eit reiskap. Men tingen,
saka, er at den lar myndigheit vise:
Pekt på av hyrda er pryd eller krise.

Berre tilfeldigvis er den eit reiskap.
Elles var hyrda ein piskar av buskap.
Elles var hyrda rett frykta av fe.
Jesus for kristne er slett ikkje det.

Kort fortald

Nyt ikkje minnet om vinteren kald.
Gjev deg ein sjanse og våren i vald!
Året er gjeve for verket å akte.
Verket om vinteren er til å makte:
Du må sjå vinteren an, kort fortald.

Påskebodskapen

Utfall og endelykt, frelse og dom:
Sonen er Herren som ned til oss kom.
Men han vart korsfest og tok ikkje makta.
Dermed ei semje med Herren vart pakta:

Sonen er frelse for syndaren som
slapp å erfare Guds frelse og dom.
Men Gud sto opp igjen. Syndaren må
omvende seg og Guds kjærleik forstå.

Sonen er frelse for rettvise òg.
Oppstått vil Sonen gje stille til sog.
Takk, Gud, som same kva vilje vil råde!
Takk, Herren Kristus, for kjærleik og nåde!