Plutselig
Ei samling dikt
Sider
Innhald
Tilfeldig dikt
Omgrep
Meg og mitt
Kontakt
| Magnimix |
Viser innlegg med etiketten
Troké
.
Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten
Troké
.
Vis alle innlegg
Anonymitet
Anonymitet i verda
levekår for krypet er.
Krypet ingen byrde bær.
Børa impliserer herda,
teiknet på ein dignitær.
Det å vere
Veret er den måten Ola
Nordmann er og ter seg på.
Vinden, regnet, snøen, sola:
Vi er store, ikkje små.
Veren er det dyr vi liker,
sånn som det er Ola sær.
Eineståande blant riker
Noreg uavhengig er.
Men i møtet med Vårherre,
veret sjølv, er nordmenn små.
Vel – vi veit å kle oss, berre
Gud som liketil vil rå!
Eg
Eg trur blåbær lir stille.
Eg trur dei vil ut og trille.
Eg er sjølv eit blåbær. Eg
skulle gjerne lagt i veg.
Fatt mot
Den som lever blott som dam
går til grunne, dømt, i skam.
Våg som elv å møte kravet!
Ein gong kjem du då til havet.
God jul
Sonen er livets meining.
Sonen er parets eining.
Dyd for ham og dåd for henne:
Etter fallet kallet brenne!
Sonen unnskylder sin far,
gjer si mors sjel openbar.
Han er frelse, han er dom –
barnet som ned til oss kom.
Sonen vere mat og plagg,
Sonen vere song og flagg,
vyrdnad fin og æresord!
God jul! Og fred på jord!
Huset
Tida fyller opp mi stove,
gjer det grundig, kan eg love,
gjer ho lun med bord og stolar,
ljos, gardiner og reolar.
Og med tida vil den eime
tryggleik. I den er eg heime.
Kjellaren – vel, kva eg leiter
finn eg berre kva eg heiter!
Kong Salomos bod
Verj di tunge, verj ditt liv!
Tunga er som hjartedriv.
Tale er som blod. Amen:
Verda er som lekamen.
Makt og mynde
Lov og orden, rett og dom:
Loven til sin hustru kom.
Mål og meining, munn og mæle:
Mynda fin for makta kjæle!
Maktfordelingsprinsippet
Hjartet lukt med kroppen eitt
virka ikkje hjartet greitt,
ville ikkje hjartet vere
tru
, og såleis til å ære.
Hjartet lukt med blodet eitt
virka ikkje blodet greitt,
ville ikkje blodet vere
kjærleik
, såleis til å ære.
Blodet lukt med kroppen eitt
virka ikkje kroppen greitt,
ville ikkje kroppen vere
håp
, og såleis til å ære.
Maktfordeling er prinsippet.
Delt i tre men eitt er knippet
godt! For sånn er makta rar.
Staten vere eksemplar.
Nemlig
Soleklart vil mannen gjere,
månelyst vil kvinna gjere,
makt og mynde ikkje tapt.
To vi er av Herren skapt.
Suverent
Om du spottas for din kjærleik;
om du som av Gud vert styvd;
om du hatas for din storleik;
om du av dei små vert nyvd,
fryd deg og gje Herren takk –
husrommet eit skjønt gemakk!
Til deg
Som ein passasjer på toget,
som ein pilegrim på veg,
som ein skapnad i ei soge,
du er gjeve veg til meg.
Treets trøyst
På si frukt skal treet kjennast,
ikkje treet på si grein.
Grein kan hoggast av og brennast.
Frukta syner stammen rein.
Trøyst
Den Gud elskar tukter han.
Det er trøysta, sterk og sann,
for kvar grein som styvd får kjenne
kjærleikstrong til frukta brenne.
Typisk norsk
Typisk norsk å ikkje vere
norsk men vere løva lik!
Ingen veit kva slags affære
løva tar. Men ein er slik!
Eldre innlegg
Startsiden
Abonner på:
Innlegg (Atom)