Viser innlegg med etiketten Anapest. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten Anapest. Vis alle innlegg

Det er veldig symbolsk

Det er veldig symbolsk. Men eg hadde eit tre,
ein sypress, bak i hagen potent som ein sak,
som ein bauta, alt anna enn veldig diskré.
Nå har gravemaskinen i rota tatt tak.

Det er veldig symbolsk. Men eg hadde ein hekk,
ein med alperips, føre og bak husets flekk.
Hekken ramma meg inn. No er hekken tatt vekk.
Så eg er vorte naken i huset eg fekk.

Sånn er det når man pussar opp. Noko må til.
Men eg får ein veranda med plass til ein far.
Og eg kan plante blomster i staden. Eg vil.
Det er veldig symbolsk. Denne verda er rar.

Eg vil glede mitt land

Eg vil glede mitt land.
Eg vil det ved mi and
og ved bryst som sin styrke frå Noreg har fått.
Om eg ikkje vert først
så skal eg vere størst.
For mitt merke er flagget i raudt, kvitt og blått.

Eg har kjempa og slitt.
Det er flagget som kvitt.
Det er flagget som blått at eg gjorde det sjølv.
Det er flagget som raudt
at eg ville det staut.
Og det merket er større enn bronse og sølv!

Ein far reflekterar

Vi vil einast om sumaren, guten og eg.
For der eg er av vinteren drøymande pol,
er han, sonen, av våren på frydefull veg.
Og vi begge lyt tenkje oss varme, og sol.

Så som far og som son men likevel eitt,
som eit hjarte oppglødd og glødande blod,
sjå, i fridomen min kjem han til sin rett.
Å - kor livet er herlig og Herren er god!

Ein ungdom tenkjer

Nå – med samvit og flid
går eg inn i mi tid.
Og med styrke og mot
tar det steget, min fot!

Her skal gjerast eit verk.
Eg er heilt sikker, merk!
Og med hovud i brann
tar eg bøtter og spann

fatt og tar meg til skogs.
Nå. Her held ikkje juks.
Nå skal blåbæra inn!
Dei er rå, dei eg finn!

Eit kors

Eg vil ha det som fisken i vatnet,
eg vil vere forbanna og kjær.
Som forbanna skal sinnssjuke batne –
som ein unnskyldt eg bortforklart er.

Og som fuglen er fri vil eg vere,
eg vil vere sjølvstendig og stolt.
Eg vil hylles. Det vere mi ære
at eg gjorde mot skamma revolt.

Men for fisken i vatnet eg kjæler
om for fuglen i lufta eg står.
Så er redninga stemmen som mæler
”Det er dyra på marken som rår!”.

Gje ikkje opp

I eit dikt er det slett inga trøyst
er det vitnande syn ikkje løyst!
Eg fortvilar når eg les eit dikt
av ein dikter som ikkje har sikt.

Det har inga verdi å gje opp
og la hatet ved diktet få kropp.
Tvert i mot vil ein passivisert
inga spore få aktivisert.

Er di tilvære berre ei gru
ved ditt dikt likevel vis deg tru!
Vær og vis tru – og da vil du få
meg som lesar av diktet å nå.