Det er veldig symbolsk

Det er veldig symbolsk. Men eg hadde eit tre,
ein sypress, bak i hagen potent som ein sak,
som ein bauta, alt anna enn veldig diskré.
Nå har gravemaskinen i rota tatt tak.

Det er veldig symbolsk. Men eg hadde ein hekk,
ein med alperips, føre og bak husets flekk.
Hekken ramma meg inn. No er hekken tatt vekk.
Så eg er vorte naken i huset eg fekk.

Sånn er det når man pussar opp. Noko må til.
Men eg får ein veranda med plass til ein far.
Og eg kan plante blomster i staden. Eg vil.
Det er veldig symbolsk. Denne verda er rar.