Snø

Guds nåde er den kvite snø,
som dekker land, men ikkje sjø.
Når snøen rår er allting eitt,
er alt vi har i sinne greitt.

Når Herren snør ein skigard ned
er inn- og utmark stedt i fred.
Der yppast ikkje som ved skur,
og ikkje som ved solas kur.

Og Noreg er eit nådens land.
Av snøen merkt er vår forstand.
Til saman sett er fint hos oss.
Vi må ikkje for ære sloss.