Til akademikaren

Som ørnen i ei hylle bur
i bratte veggen langt frå far,
som ørnen satsar alt og trur
på vengeslaget som han har,

som ørnen høgt til vêrs seg drar
og tar kontroll på alt på jord
skal du sjølv vere sterk og klar
og prege verda ved ditt ord.

Men først av alt som ørnen skal
du åtsel ære ved ditt liv.
Nytt liv ved deg skal kvart eit fall
av kunnskap få, som incentiv!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Takk for din kommentar! ♫♥♪ 
Den er vel snill og rar. ♫♥♪ 
Og skriv du namnet ditt ♫♥♪ 
så er alt sikkert kvitt. ♫♥♪